Hovudpersonen i Konrad Mehus sine forteljingar frå dei siste fire-fem åra er figuren KM. Det er ein figur som har fleire ytre trekk til felles med kunstnaren. Nøkkelordet er såleis portrett. I brosjar som meir og meir har fått karakteren av sjølvstendige miniskulpturar, har han undersøkt kva det vil seia å portrettera seg sjølv eller skildra eit liv. Kva er forholdet mellom kunstnar og verk? Kva kan eit portrett eigentleg fortelja? Kor interessant er ein kunstnars biografi for andre? Det konvensjonelle portrettet er ofte skjønmålande, utglattande og heroiserande, og sjølvportrettet er i tillegg gjerne svært sjølvsentrert. Slik er ikkje portrettet av KM eller Konrad Mehus si utlevering av seg sjølv. Trass i ei svært nærgåande og intim fokusering på KM sin navle i serien "Min navle", tre kvadratiske brosjar med tre navlar siselert i sølv, så handlar dette om noko anna og meir enn rein fysisk dokumentasjon. Det handlar også om noko meir enn å illustrera eit biografiske fragment av KM sitt liv. På eit metaforisk plan kan nemleg "Min navle" lesast som ein ironisk kommentar til all "navlebeskuelsen" i kunsten generelt og sjølvbiografisjangeren spesielt. Desse brosjane melder klårt ifrå: Her er det ikkje tale om ekspresjonistisk kunst med merksemda utelukkande retta mot eigne kjensler og eige liv. Tvert imot. Konrad Mehus sine "utleveringar" er gjort med humor og varme, men også med ironi og distanse. Det handlar meir om å kommentera fenomen i tida enn om personleg utlevering. Difor kan brosjane som byggjer på avstøypingar av pilleesker, og som ved nærare studium viser seg å vera utskrivne til Mehus personleg, presenterast som "Norsk folkemedisin". Mogadon, valium, sobril og anabole steroid er medisin han ikkje er åleine om å ta, og slik vitnar dei om at angst og søvnløyse er utbreidde problem. Desse brosjane fortel at individet er ikkje berre spesielt og eineståande, men også innskrive i historia og kulturen. Eller som det heiter i eit klassisk feministisk slagord: Det personlege er politisk.

Å nytta eit edelt metall som sølv til banale motiv som Coca Cola-kapslar, navlar og medisinesker, er usedvanleg. Å fortelja om seg sjølv attpåtil, er ikkje mindre uvanleg for ein smykkekunstnar. Men slik knyter Konrad Mehus band mellom kunst og kvardag og kunst og liv. Band som blir ytterlegare styrkt ved at smykka kan brukast, sjølv om bruksfunksjonen, som tidlegare nemnt, er underordna kunstnarleg idé og uttrykk. Brukaren spelar ei viktig rolle gjennom aktivt å formidla og spreia smykka og deira forteljingar i mange ulike sosiale samanhengar. Gjennom å halda fast ved å laga smykke viser såleis Konrad Mehus at kunsten kan noko anna "enn å sitja på rompa i eit museum", for å sitera popkunstnaren Claes Oldenburg.