Forteljaren Konrad Mehus
av Jorunn Veiteberg, 2001
Sidan slutten av 1960-talet har Konrad Mehus vore ein
sentral frontfigur i norsk kunsthandverk.
"Dinnertime", som han laga i 1974 og
som er eit objekt sett saman av eit krystallglas og ein gaffel, blir rekna som
eit ikon for si tid. Det illustrerer på ein svært tydeleg måte utviklinga
innafor kunsthandverket i etterkrigstida, der kunstnarleg idé og innhald er
blitt viktigare enn bruksfunksjon og nytte.
Tilsvarande har smykka hans ofte
hatt ein klår brodd mot konvensjonane og verdiane som rår i gullsmedbransjen,
og difor har dei fått ein viktig funksjon i etableringa av ei ny forståing av
kva smykke kan vera. Som kunstobjekt treng ikkje smykket nøya seg med
utelukkande å vera til pynt eller symbolisera velstand og status. Det kan også
vera eit middel til kommunikasjon.
Innafor kunsthandverket handlar
kommunikasjonen ofte om material, form eller prosess. Ikkje slik hos Konrad
Mehus. Med sølv som (hovud)materiale og smykke som medium fortel han historier
med sosialt innhald og politisk snert.
Det er eit figurativt språk rikt på metaforar og symbol, Konrad Mehus tar i bruk for å
kunna fortelja historiene sine.
Også dette valet gjer at han står i ei
særstilling blant norske smykkekunstnarar, sjølv om han i seinare år har fått
følgje av eit par andre som også nyttar seg av ei figurativ uttrykksform. I det
intime formatet som ein brosje er, er det gjennom detaljane historiene utfaldar
seg. Ein slik detalj er trafikkskiltet med elgen, eit velkjent syn for dei
fleste bilistar i Norge. Det dukkar opp i mange av Mehus sine smykke som eit
sentralt symbol for vår tid. Søljer med dingler som etterliknar skrukorkane på
Coca Cola-flaskene, fortel på liknande vis om endra forbruksvanar og den
internasjonale kulturindustrien si gjennomslagskraft. Men han fortel også andre
og meir personlege historier. Serien "Bill.mrk. to rom og kjøkken 1956" med miniatyrskildringar
av tidstypiske 1950-tals interiør, vil vekkja gjenkjennande minne hos mange.
Samstundes symboliserer dei gjenreisinga etter krigen, der bustadar til alle
stod heilt sentralt i Arbeidarpartiet sin velferdspolitikk.
fortsetter